Morten Schakenda ved bakerovnen – Foto: Yayoi Hamazaki Halle
Velkomen til Bakeriet i Lom
Kvar morgon bakar vi kanelsnurr, surdeigsbrød og turmat for hand. Stikk innom på vegen til Jotunheimen, Sognefjellet eller Strynefjellet.
«Kornet mognar i stille kveldar om dei er borte som såmenn var»
Tor Jonsson
Opningstider
Tys–fre 09–17 · lau 09–15
Sundag og måndag har vi kviledag
Julegåver 2026
Julegåver frå Bakeriet i Lom
Julekjeks og bøker frå bakeriet, kaffi, te og gåvekort. Bestill innan 16. desember for levering før jul, eller hent i bakeriet heilt fram til jul.
Sjå utvaletFrå disken
Det vi bakar kvar dag
Brød og bakarvarer
Vi bakar kvardagsbrød og spesialbrød, med og utan surdeig. Kvart einaste brød er forma for hand.
Sjå brøda våre →
Bollar og søtbakst
Kanelsnurren er stoltheita vår. Ved sida av ligg pistasjflette og skillingsbollar, laga same morgon.
Sjå bollane våre →
Bestill til henting
Skal du ha mykje? Bestill innan kl. 12 to dagar før, så har vi det klart når du kjem.
Bestill brød →
Signaturen vår
Kanelsnurren
Vi formar kvar einaste snurr for hand, med kardemomme i deigen og godt med smør og kanel i fyllet. Ta ein med i sekken før du held fram mot Jotunheimen, over Sognefjellet eller ned mot Geiranger.
Leverandørane våre
Vi bakar med råvarer frå naboane
Mykje av det som går inn i bakverket vårt, kjem frå gardar og folk vi kjenner her i Ottadalen.
Hugsotte Gardsmeieri
Skjåk
Gardsmeieri som opna sommaren 2025. Dei sel heilmjølk som er pasteurisert, men ikkje homogenisert.
Hjå oss: mjølka vi bakar med
Lom Bryggeri
Lom
Bryggeri, ølsmaking og gardspub midt i Lom. Dei har brygga Lomb-øl for hand sidan 2016.
Hjå oss: øl i kafeen, og øl og mesk i ølbrødet
Aukrust Gard og Urteri
Ved foten av Lomseggen, Lom
Økologisk gard der diktaren Olav Aukrust voks opp. Dei dyrkar urter, tomatar og grønsaker, og har gardsbutikk.
Hjå oss: salat og grønsaker i sandwichane
Ottadalen Mølle
Lom og Skjåk
Mjølet kjem frå Ofossen Mølle i Skjåk, der det har vore male korn sidan 1875. Her blir bygg frå Ottadalen til Skjåkmjøl og Skjåkgryn.
Hjå oss: bygg i bygg-surdeigsbrødet, mellom anna
Skjer i bakeriet
Kom og ver med
Adventskveld · julekranskurs
Onsdag 2. desember
Kl. 18–20 · 649 kr per person
Lag din eigen julekrans saman med Mette frå Lugumstugu. Alt av utstyr og materialar er med, og vi serverer gløgg og julebakst. Det er berre 15 plassar, og påmeldingsfristen er 27. november.
Bakeri-quiz
Fredag 5. februar
Kl. 17–20 · mat frå kl. 17
Vi inviterer til ny quizkveld i bakeriet. Det er gratis, og de er 4–5 på kvart lag. Siste quiz i serien er 5. mars.
Utstilling · gratis
Vinterutstillingen
Snøfjell og hus i alle fargar. I vinter heng måleria og glasfata til Anna Grande Melhus frå Skjåk hjå oss, heilt til over påske.
Sjå utstillinga →
Utstilling · andre etasje
Sjel og Mjøl
Hender i deigen, brød på veg ut av omnen og ein test på sitronmuffin. Oppe i andre etasje heng fotografia til Alice Segato, som jobbar som bakar og i disken hjå oss.
Sjå utstillinga →
Nettbutikken
Ta med deg litt av Lom heim
Vi sender bakebøker, spesialkaffe, te, krydder og kjeks heim til deg med Posten.
Bøker
Pepperkakebakebok
Kaffi
Kaffi frå Papua Ny-Guinea
Kjeks
Biscotti med frukt og mandlar
Frukost
Granolaen vår
Gåvekort frå 250 kr. Gi bort ein tur innom oss i bakeriet og kafeen.
Kjøp gåvekort →
Besøk oss
Velkomen innom
Set deg ned i kafeen med ein kaffi og noko godt, eller ta med deg nybakt på tur.
| Måndag–fredag | 09:00–17:00 |
| Laurdag | 09:00–15:00 |
| Sundag | Kviledag |
| Tysdag–fredag | 09:00–17:00 |
| Laurdag | 09:00–15:00 |
| Sundag og måndag | Kviledag |
Frå 1. november har vi ope tysdag–fredag 09–17 og laurdag 09–15. Sundag og måndag har vi kviledag.
Sognefjellsveien 7, 2686 Lom
+47 907 85 999
bestilling@bakerietilom.no
4.5Topprangert kafé 2026attestert av: TrustindexTrustindex har bekreftet at disse anmeldelsene er publisert på Google Bedriftsprofilen til Bakery in Lom AS. Les mer
Bak disken
Forteljingar frå bakeriet
Om folka som bakar, råvarene vi brukar og alt det andre som skjer i bakeriet.