500 000 kroner til ny vidaregåande skule i Lom

Styret i bakeriet har vedteke å gje 500 000 kroner til arbeidet med å etablere ein ny vidaregåande skule i Lom.
Logo: Jotunheimen vidaregåande skule

Styret i Bakeriet i Lom har vedteke å gje 500 000 kroner til arbeidet med å etablere ein ny vidaregåande skule i Lom.

Skulen er avgjerande for eit levande lokalsamfunn. Elevane frå skulen har i alle år vore viktig arbeidskraft for oss, gjennom heile året.

Difor er det ei stor glede å kunne støtte dugnaden og det viktige arbeidet som blir gjort for å få på plass eit godt skuletilbod i bygda i framtida.

Skulen opna hausten 2026

No er skulen på plass. Måndag 17. august 2026 opna Jotunheimen vidaregåande skule dørene for første gong, med snorklipping, opningsseremoni og kakefest.

Jotunheimen vidaregåande skule er ein offentleg godkjend, open og inkluderande kristen privatskule. Skulen har to studieretningar: studieførebuande, som gir generell studiekompetanse etter tre år, og bygg- og anleggsteknikk, der lokale bedrifter er med i opplæringa. Undervisninga er på nynorsk, og nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen blir brukte som læringsarena.

Vi gler oss over at ungdommen i Lom framleis kan ta vidaregåande skule heime i bygda. Les meir om skulen på jotunheimenvgs.no.