Quiz i Bakeriet i Lom
Bakeri-quiz
Quiz i Lom: fire quizkveldar i bakeriet, med to rundar kvar kveld.
Samle laget og bli med!
Om quizen
Kva er Bakeri-quiz?
Bakeri-quiz er ein quizserie i Bakeriet i Lom. Serien har fire quizkveldar, og kvar kveld har to rundar med spørsmål. Det er plass til opptil 11 lag.
Alle kan vere med! Ta med kollegaene frå jobben, styret i laget eller foreininga, idrettslaget, koret, turgjengen, jaktlaget, naboane, familien eller vennegjengen. Hytteeigarar og andre som er innom bygda, er like velkomne. Det einaste de treng, er eit lagnamn og 4–5 personar med lyst på ein triveleg kveld i bakeriet.
Premiar: Kvar kveld får laget som vinn kvelden sammenlagt etter dei to rundane premie. Når alle fire kveldane er ferdige, blir totalvinnaren av Bakeri-quiz-serien premiert.
Datoar
Quizkveldane
- Quiz 1: fredag 16. oktober 2026 (gjennomført)
- Quiz 2: fredag 6. november 2026 (gjennomført)
- Quiz 3: fredag 5. februar 2027
- Quiz 4: fredag 5. mars 2027
Alle kveldane: kl. 17–20, med matservering kl. 17–18.
Påmelding
Slik meldar de på laget
Det er gratis å vere med, og kvart lag kan ha 4–5 deltakarar. Det er plass til 11 lag kvar kveld, og plassane går til dei som meldar seg på først.
Nye lag er velkomne også etter at serien har starta. Dei startar med den største poengsummen så langt + 1, og kan vinne kveldspremien på lik linje med alle andre.
Meld på laget med skjemaet under, eller send e-post til bestilling@bakerietilom.no.
Seriestilling
Resultat
Kvar kveld får laga plassering i runde 1 og runde 2 etter kor mange poeng dei fekk. Plasseringane blir lagt saman, og lågast sum vinn kvelden. Kveldsplasseringa gjev seriepoeng: vinnaren får 1 poeng, nummer to får 2 poeng, og så vidare. Laget med færrast seriepoeng etter fire quizar vinn serien. Nye lag som kjem inn undervegs, startar med største poengsum så langt + 1.
Hentar resultat ...