Den første quizkvelden er unnagjord

16. oktober hadde vi den første av fire quizkveldar. Her er resultata, og datoane for resten av vinteren.
Bakeri-quiz i Lom – quizkveld i Bakeriet i Lom

Fredag 16. oktober hadde vi den første av fire quizkveldar i bakeriet.

Seks lag stilte opp til to rundar med spørsmål. Kvelden vart vunnen av Barnefri, med Norconsult og Sop i Hop på delt andreplass.

Resultata etter første kveld

  • 1. plass: Barnefri (1 seriepoeng)
  • Delt 2. plass: Norconsult og Sop i Hop (2 seriepoeng)
  • Delt 4. plass: The Garmo’s og Sopp i Hopp (Gro & Co) (4 seriepoeng)
  • 6. plass: Hakkje Peiling (6 seriepoeng)

Plasseringane frå dei to rundane blir lagt saman, og lågast sum vinn kvelden. Vinnaren får 1 seriepoeng, nummer to får 2, og så vidare. Laget med færrast seriepoeng etter fire quizar vinn heile serien. Det er premie både til vinnaren av kvar kveld og til vinnaren av serien.

Nye lag er velkomne undervegs. Dei startar med den høgaste poengsummen så langt pluss 1, og kan framleis vinne kveldspremien. Sjå heile seriestillinga.

Dei neste kveldane

  • Fredag 6. november
  • Fredag 5. februar
  • Fredag 5. mars

Vi held på kl. 17–20, med mat frå kl. 17. Det er gratis å vere med, og de er 4–5 på kvart lag. Vi serverer middag laga av bakarane våre, til ein hyggeleg pris. Meld på laget og sjå resultata.