Mjølka vi brukar i bollane våre kjem frå Hugsotte Gardsmeieri i Skjåk. Ein onsdag i haust tok vi turen dit for å sjå kvar ho blir til.
Vi vart tekne imot med varme, og lærte mykje om alt arbeidet som ligg bak kvar drope mjølk. Det er noko heilt spesielt med å møte menneska, og kyrne, som gjer smakane våre moglege.
Om Hugsotte
Hugsotte ligg på Skjåk solside. Der har dei bygd sitt eige gardsmeieri, og det første året selde dei 33 tonn mjølk. Mjølka er pasteurisert, men ikkje homogenisert, og ho blir selt på glasflasker som du kan pante og bruke om att.
Vil du smake? Mjølka frå Hugsotte får du kjøpt i gardsbutikken deira, og her i Lom hjå Eggbua og Smak i Lom. Følg dei gjerne på Facebook for nytt frå garden, som trillingkalvane Anna, Anita og Marthe.
Tusen takk til Hugsotte for samarbeidet. De gjer det mogleg for oss å lage gode produkt kvar dag.