Heidrun er oppvaksen i Lia i Lom, men har budd det vaksne livet sitt både i Danmark og i Oslo. No flyttar ho attende til heimbygda, og i mars tek ho til som ny dagleg leiar her i bakeriet.
Å få moglegheita til å bidra til å vidareutvikle bakeriet er ein draumejobb eg rett og slett ikkje kunne si nei til.
Heidrun Reboli Marstein
Frå konsernleiing til bakeriet i heimbygda
Heidrun har lang erfaring som leiar. Dei siste åra har ho vore HR-konserndirektør i GK Gruppen AS, med ansvar for verksemda i Noreg, Sverige og Danmark. Før det var ho global HR-direktør i Cermaq, og ho har hatt leiarroller i Solar, Schneider Electric og Orkla Care.
Ho har hovudfag frå NTNU og har jobba internasjonalt, på tvers av kulturar, det meste av arbeidslivet. Ho har også vore mentor for unge kvinner på veg ut i arbeidslivet.
Velkomen til oss, Heidrun!