BAKERIET I LOM
Historia om Bakeriet i Lom
fortalt av Morten Schakenda
Foto: Yayoi Hamazaki Halle
ALLE VEGAR FØRER TIL LOM
Eg kan vel eigentleg ikkje forklare korleis det heile starta. Det er ikkje slik at dette var den endelege planen, men meir slik at ting vert til undervegs. Det eine tek det andre og plutseleg er du ein stad du kanskje ikkje i utgangspunktet hadde tenkt at du skulle vera – heller ei lang rekkje med tilfeldige hendingar som tek deg dit. Uansett kva du hadde tenkt og planlagt. Difor er vi her no. I Lom. Difor ryk det frå pipa i bakeriet.
Når eg ser attende på åra, kan eg likevel sjå at det er ein del ting som har vore meir verdifullt enn andre. Eg skal prøve å forklare noko av det her, og resten kan du jo lesa i dei to bøkene vi har laga innimellom utvidingar, bygging, hektiske sumrar og bollebakst.
“
Eg tenkte kanskje på bakeriet som mitt i byrjinga,
men no tenkjer eg på det som vårt
EI HISTORIE OM TILFELLE
Tilfelle i god koreografi
Mange har lurt på kva i all verda som var grunnen til at vi endte i Lom, og skal eg vera heilt ærleg er det ei historie om tilfelle som kom i ei godt koreografert rekkjefølgje.
Kortversjonen startar nok eigentleg med at eg var lei av å stå på eit restaurantkjøken dag og natt, noko eg hadde gjort i mange år. Eg hadde lyst til å prøve noko nytt. Vi hadde lyst til å starte noko som var vårt – og slik blei det til slutt.
Det er hardt arbeid, men kjensla av å skape noko på heilt eigne premissar er utruleg godt.
Foto: Stine Aasløkk
Foto: Stine Aasløkk
Handverket
Det fins ingen snarvegar til gode brød
Det mest spanande med baking, i forhold til å lage mat, er at det ikkje finst snarvegar. Gode bakevarar handlar nesten alltid om tid og prosessar.
Hjå oss bakast alt for hand. Kvart einaste brød eller bolle har på den måten sin individuelle kvalitet. Vi brukar gjennomgåande skikkelege råvarar, og alle produkta blir handsama einskild – som i seg sjølv er ein kvalitetsgaranti.
Du merkar nyansane i deigen, spensten, vekta og konsistensen. Det er det som er handverk – det sit i handa.
“
Kvar gong du bakar, blir det andre bollar
BØKENE VÅRE
Resten kan du lesa i bøkene
Mellom utvidingar, bygging, hektiske sumrar og bollebakst har vi laga flere bøker om bakeriet, handverket og livet i Lom.
Morten Schakenda
7. juni 1966 – 14. mars 2022
Grunnleggjaren av Bakeriet i Lom. Det han skapte, lever vidare – kvar dag det ryk frå pipa i bakeriet.
