Kvart år har vi lærlingar i bakeriet gjennom Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Det er noko av det kjekkaste vi gjer, og i år har vi mykje å feire.
To nye bakarar med fagbrev
I februar tok Lovise fagprøva som bakar, og fekk toppkarakter. I august var det Markus sin tur, og han fekk òg fagprøva godt i boks. Vi er stolte av dei begge.
Lærlingane hjå oss
Martin og Eskil kjem frå Lillehammer. Eskil starta lærlingtida si hjå oss hausten 2025 og Martin hausten 2026.

I januar var lærlingane våre med på den årlege vintercampen saman med dei andre lærlingane i Opplæringskontoret Brimi-Kjøken på Bessheim. Campen vart avslutta med festmiddag, der mellom andre mat- og landbruksministeren var gjest.
Kva er Opplæringskontoret Brimi-Kjøken?
Lærlingane våre er knytte til Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Det er eit samarbeid mellom lærebedrifter rundt Jotunheimen, innan faga kokk, bakar, servitør og reiseliv. Bedriftene samarbeider tett, og trivsel er noko dei legg stor vekt på.
Som lærling skriv du under ein lærekontrakt med opplæringskontoret og ein arbeidskontrakt med lærebedrifta. Mesteparten av tida er du altså hjå oss i bakeriet. Dei fleste startar i sesongen, mellom 20. juni og 20. august, og den første samlinga er gjerne på Arne Brimis Vianvang i slutten av august eller byrjinga av september.
Gjennom lærlingtida er det kurs, samlingar og turar saman med lærlingane frå dei andre bedriftene. Annakvart år går turen til ein av matbyane i Europa, og tidlegare har dei vore i Frankrike, Spania og Italia. Dei andre åra er det vintercamp med aktivitetar på dagtid og matkurs om kvelden.
Det siste halvåret tek lærlingane ei prøvefagprøve, som er lagt opp akkurat som den ekte fagprøva. Målet er at alle skal stå.
Vil du bli lærling hjå oss?
Har du lyst til å bli bakar? Ta kontakt med oss, eller les meir om å vere lærling på brimikjoken.no. Ledige stillingar, internship og lærlingplass hjå oss finn du under Jobbe på bakeriet.