Brenn du for bakefaget og drøymer om å bu i vakre naturomgivnader i Lom?

Hos oss får du begge delar!

Vi søkjer ein erfaren og engasjert bakar til Bakeriet i Lom

Bakeriet i Lom er eit bakeri med lange tradisjonar. Vi brenn for godt handverk og bruk av naturlege, reine råvarer. Vi er stolte av å kunne tilby alt frå tradisjonelt handforma surdeigsbrød til smakfulle bollar og delikate bakverk.

Vi leitar no etter ein erfaren bakar som kan ta rolla som fagansvarleg hos oss. I tillegg til å vere ein del av den daglege produksjonen, vil du ha ansvar for produktkvalitet og produktutvikling, oppfølging av lærlingar og opplæring av bakemedarbeidarar. Stillinga rapporterer til bakesjef.

Vi søkjer ein bakar med fagbrev og nokre års erfaring. Du brenn for bakefaget og godt handverk. Du er kvalitetsmedviten, har sans for detaljar og ønskjer å bidra til vidareutvikling av bakeriet. Du likar å lære opp andre og sjå andre vekse, er pedagogisk og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du forstår verdien av å prestere som eit lag.

Bakeriet i Lom

Bakeriet i Lom er eit ekte handverksbakeri, bygd på kunnskap og reine, naturlege råvarer. Bakeriet ligg i vakre naturomgjevnader i hjartet av Jotunheimen og vart grunnlagt i 2004 av Morten Schakenda.

Vi er kjende i heile Noreg for bakverket vårt og er ein populær stoppestad for både lokalbefolkninga og tilreisande. Bakeriet er ein tydeleg sesongarbeidsplass, og i høgsesongen bakar vi på to bakeri og er om lag 25 personar i bakarteamet.

Hos oss lever vi etter verdiane: Open, Oss, Ordentleg.

Dine hovudoppgåver:

  • Produksjon av brød, kaker og anna bakverk i tråd med våre metodar og standardar
  • Fagleg ansvar for produktkvalitet og produktutvikling i tett samarbeid med bake- og salsteam
  • Ansvarleg for dagleg oppfølging av bakeriets 2 lærlingar og avtalte opplæringsplanar
  • Opplæring og kompetanseutvikling internt i baketeamet
  • Utvikling av oppskrifter og arbeidsmetodar

Dine kvalifikasjonar:

  • Erfaring som bakar med fagbrev. Relevant praktisk erfaring kan kompensere
  • Lidenskap for baking, du held deg fagleg oppdatert og har stor interesse for mat og handverksproduksjon
  • Du er strukturert og nøyaktig, med høgt fokus på kvalitet
  • Grundig, effektiv og ryddig. Du held orden rundt deg og trivst med hektiske periodar og mykje energi
  • Du er ein imøtekommande og samarbeidsvillig lagspelar og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du kommuniserer godt på skandinavisk og engelsk

Hos oss får du:

  • Varierte arbeidsdagar og eit godt, internasjonalt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår til rett person
  • Utviklingsmoglegheiter
  • Hjelp til å finne bustad
  • Storslått natur og moglegheit for ei aktiv fritid

Send søknad og CV på e-post til jobb@bakerietilom.no.

For spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Heidrun Marstein på telefon 948 67 977
eller bakesjef Lovise Åmot Linnerud på telefon 977 31 152.