Å VERA EIN DEL AV EIT LOKALSAMFUNN HANDLAR OM Å DELTA OG Å DELE
At bakeriet vårt har vorte ein integrert del av Lom, er ikkje berre eit resultat av oss og produkta våre, men også av alle som bur her og støttar opp.
Difor syns vi det er viktig å gjeva noko attende. Jeanette er aktiv i musikkmiljøet og eg har fått mange kontaktar gjennom å jobbe med Kammermusikkfestivalen i Risør. Denne interessa og desse kontaktane bruker vi på Liaskulen, som i tillegg til å vera heimen vår også er ein utmerka konsertarena.
Vi ønskjer at det skal vera ein stad for uventande møter og kulturopplevingar. Vi håpar at dei konsertane vi har hatt vil etterføljes av mange fleir. Det skal vera eit sosialt treffpunkt med hyggeleg og god stemning, kanskje ein liten matbit og ikkje minst møter med artistar og kunstnarar som vil overraske.
Jeanette& Morten
Billett reserverast hjå bakeriet: Tlf.: 61211860 E-post: bestilling@bakerietilom.no