Mjølet frå Ofossen Mølle

Bygget i mange av brøda våre blir male i Ofossen Mølle i Skjåk, som har male korn sidan 1875.
Morten Schakenda strør mjøl over brøddeig i bakeriet

Mange av brøda våre er baka med byggmjøl frå Ofossen Mølle i Skjåk, mellom anna bygg surdeigsbrødet. Den første mølla ved Ofossen vart sett opp i 1875, og ho har vore i drift sidan. I dag høyrer mølla til Ottadalen Mølle i Lom.

Bygget som blir male der, er dyrka i Ottadalen, og blir til Skjåkmjøl og Skjåkgryn. Bøndene her har lenge vore stolte av å dyrke bygg av god kvalitet.

Kvifor lokalt mjøl?

Når mjølet er lokalt, kan bakeeigenskapane endre seg litt frå år til år, og då må vi justere oppskriftene. Det meinte Morten var verdt det. Kvar bakst blir litt eigen, og vi veit kvar bygget kjem frå.

Det vi vinn er eigenarten.

Morten Schakenda

Bygg surdeigsbrødet vårt er eit ljost surdeigsbrød laga med lokalt bygg på to måtar, både som mjøl og som heile korn. Det er baka utan gjær, og får ein fantastisk konsistens og den gode smaken av lokalt korn.

Les meir om mølla på norgesfor.no.