I sommar og haust har måleria til Arna Rennan hengt hjå oss. Seven Summers er ein serie måla ute i Bøverdalen, og før han kom til Lom, vart han vist i USA.
Arna Rennan målar ute, med staffeliet sett opp der motivet er. Over sju somrar har ho måla landskapet i Bøverdalen, og det er desse måleria som har hengt på veggene i bakeriet i sommar og haust.
Frå Minnesota til Lom
Arna reiste frå Minnesota på 1970-talet for å studere kunst i Noreg, og gjekk på det som då heitte Statens Kunstakademi i Oslo. På 1980-talet flytta ho tilbake til Minnesota. No bur ho i Lom.
Fleire av måleria hennar finn du på arnarennan.com.



Utstillinga er avslutta
Takk til Arna, og til alle som kom innom og såg måleria. No heng Vinterutstillingen på veggene våre, med måleri og glasfat av Anna Grande Melhus frå Skjåk.