Vi er heldige som er i ei bransje der vi gjerne deler og lærer av kvarandre. I mars var det vår tur til å stengje bakeriet for ein dag og reise på ein etterlengta tur til Oppdal og Trondheim.
Vi besøkte Bakeriet SPRØ, Emmer og Snurr, og fekk med oss mykje læring og inspirasjon heim.
Ein slik tur gir mykje å tenkje på. Noko av det vi tok med oss heim, har de kanskje alt lagt merke til når de har vore innom bakeriet. Anna kjem etter kvart, så her er det berre å følgje med!
Tusen takk for at vi fekk kome på besøk!