Takk, Liv Trine, og velkomen, Martin

Kakeeksperten vår Liv Trine har gått av med pensjon, og Martin frå Lillehammer har starta som lærling.
Liv Trine med ei gåve framfor ei hylle med nysteikte bollar

Det er alltid vemodig når gode folk går vidare. Denne hausten har vi takka av Liv Trine, kakeeksperten vår, som no blir pensjonist.

Gjennom tida i bakeriet har ho lært frå seg mykje av den store kunnskapen sin om kaker, med tolmod og eit imponerande auge for detaljar. Ho etterlèt seg eit tomrom, og vi kjem til å sakne ho.

Velkomen, Martin

Martin, ny lærling i Bakeriet i Lom, sit på ein benk ute
Martin

Samstundes er vi svært glade for å ønskje Martin velkomen. Martin kjem frå Lillehammer og skal vere lærling hjå oss dei neste to åra, gjennom Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Les meir om lærlingane våre. Vi gler oss til å bli kjende med han, lære av kvarandre og følgje utviklinga hans i faget.

Tusen takk, Liv Trine, og hjarteleg velkomen, Martin!