I snart to månader har vi hatt gleda av å ha med oss tre bakestudentar frå skulen Ter Groene Poorte i Belgia.
Det har vore ei ekte glede å dele måten vi arbeider på med dei, og å vise dei kvardagen i bakeriet.
Ein ny favoritt
Medan dei var her, fann dei tre fort sin store favoritt i bakeriet: havrekjeksen vår med tranebær. Kanskje er det ein liten bit av Lom som har fått plass i kofferten heim til Belgia.

Vil du smake sjølv? Havrekjeksen med tranebær får du kjøpt i bakeriet og i nettbutikken.
Tusen takk for at de delte denne tida med oss, og for at de var ein del av teamet desse vekene.