Verdas brøddag

Sjølv om det er verdas brøddag éin dag i året, er kvar dag ein brøddag for oss.
Brødbaking på Bakeriet i Lom
Brødbaking på Bakeriet i Lom

24. oktober er det verdas brøddag. For oss er kvar dag ein brøddag: Vi eltar og steikjer alt frå botnen av, for alltid å gi dykk vår beste versjon.

Kvar dag bakar vi om lag tjue ulike brød, for hand og utan tilsetjingsstoff. På menyen står det ein prosent ved kvart brød. Han viser kor grovt brødet er, frå loffen på 0 prosent til svensk rugbrød på over 90 prosent.

Brøda vi er ekstra stolte av

  • Bygg surdeigsbrød hevar berre med ljos surdeig, utan gjær. Byggmjølet og korna kjem frå Skjåkmølla.
  • Spelt surdeigsbrød er det einaste brødet vårt med berre éi kornsort: reint spelt, heva med eigen speltsurdeig.
  • Ølbrødet er baka med øl og mesk frå Lom Bryggeri og byggmjøl frå Skjåkmølla.
  • 4-kornbrødet er bestseljaren vår, med heil rug, solsikkekjerner, linfrø og sesam som har lege i bløyt over natta.
  • Loffen er det reinaste brødet vårt, med berre fire ingrediensar og utan betringsmiddel.

Bak sjølv

Vil du prøve sjølv? På oppskriftssida finn du oppskriftene våre på havrebrød, 4-kornbrød, valnøttbrød og loff og bagett.

Vil du heller sleppe å bake sjølv, kan du bestille brød og hente det i bakeriet.

Sjå alle brøda våre.