Vinteropningstider frå 1. november

Frå 1. november har vi kviledag sundag og måndag. Her er tidene for resten av veka.

Frå 1. november går vi over til vinteropningstider. Då har vi kviledag sundag og måndag.

  • Tysdag til fredag: kl. 09–17
  • Laurdag: kl. 09–15
  • Sundag og måndag: kviledag

Etter ein lang og hektisk sommar fortener folka våre å kvile litt. Med kviledag sundag og måndag får dei som jobbar i bakeriet endeleg fri i helgene, og kan lade opp til nye travle dagar.

Quizkveldar i vinter

Vinteren er òg quizsesong. Vi arrangerer Bakeri-quiz i bakeriet fredagane 6. november, 5. februar og 5. mars, kl. 17–20 med mat frå kl. 17. Det er gratis å vere med, og de er 4–5 på kvart lag. Meld på laget ditt her.

Du kan framleis bestille brød og hente det i bakeriet.