Beskrivelse
Sale al Limone er eit sitronsalt frå Gridelli: siciliansk havsalt med naturleg sitronaroma. Friskt og aromatisk, med tydeleg smak av sitron. Godt til fisk og skaldyr, kylling, grilla grønsaker og salat.
Havsaltet kjem frå vestkysten av Sicilia, mellom Trapani og Marsala. Der har dei laga salt i generasjonar: sjøvatnet blir leidd gjennom grunne saltbasseng og fordampar sakte i sol og vind, og så blir saltkrystallane hausta. Saltlandskapet ved Trapani er òg eit naturreservat, Saline di Trapani e Paceco, som WWF Italia forvaltar, og eit viktig område for trekkfuglar.
Om produktet
- Siciliansk havsalt med sitron
- Innhald: 150 g i metallboks
- Produsert i Sverige for Gridelli’s Deli AB
Ingrediensar
Havsalt (97,2 %), naturleg sitronaroma, gurkemeie*.
* Økologisk råvare.
Oppbevaring
Oppbevarast tørt og svalt. Boksen går til metallinnsamling, posen til plast.
