Ei natt tidleg i juni tok Alice Segato med seg filmkameraet på nattskiftet hjå oss. Ho ville vere til stades når deigen blir elta og omnane blir varma opp, medan resten av Lom søv.
No heng fotografia hennar i andre etasje i bakeriet. Utstillinga heiter Sjel og Mjøl, og ho er fast.




Folka, rørslene og mjølet
Alice hadde ingen stor plan for natta. Ho fekk med seg dei spontane augeblikka: eit smil, eit konsentrert blikk, ein bakar som gir seg over til musikken frå høgtalaren. Då filmane var framkalla, fleire veker seinare, hadde ho gløymt dei fleste bileta.
Bileta i utstillinga er henta frå ein serie på rundt 50 fotografi frå same natta, og vi byter dei ut etter kvart. Fleire er på veg: tre filmrullar frå ei natt i slutten av september, frå både sommarbakeriet og hovudbakeriet.
Ta turen opp i andre etasje
Neste gong du er innom, kan du ta med deg kaffien opp trappa og sjå bileta på veggen. Vil du vite meir om Alice og fotografia, kan du lese om utstillinga Sjel og Mjøl.